Olav Randen på Facebook 19. november 2024
Våren 2024 inngjekk eit samrøystes storting, frå Frp til og med Raudt altså, eit forsvarsforlik, ein plan for opprusting av militærapparatet i 12 år, til og med 2036. Forliket inneber talfesta vekst for dei fleste område, vernepliktige, tilsette, brigadar, marineskip, helikopter, fly, luftvern og spesialstyrkar, for å nemne noko. Planen legg til grunn militærapparatet som det viktige, nesten einerådande, i nasjonalt forsvar, Norges plass i Nato og andre Nato-lands rett til militærbasar i Norge.
Ordet historisk blir ofte brukt i utide, men denne gongen nytta media det med rette. «For første gang står alle partiene på Stortinget samlet om en langtidsplan for Forsvaret. Det innebærer en langsiktig forpliktelse fra alle partier om å styrke Norges forsvarsevne de neste 12 årene», skreiv regjeringa i pressemelding om forliket. «Det sender et viktig signal til våre allierte og andre om at Norge står samlet om å styrke Forsvaret», heldt statsminister Støre fram.
Men få diskuterte forholdet mellom ein slik langtidsplan og demokratiets funksjonsmåte. Me vel politikarar kvart fjerde år. Budsjetta blir vedtekne for eit år i gongen. Slik har me veljarar ei hand på rattet. Ved grunnlovsendringar er framgangsmåten meir omstendeleg, med at representantar legg fram forslag i eit av dei tre første åra i ein periode, at nytt stortingsval finn stad og sluttbehandlinga skjer i same år i neste periode. Forsvarsforliket er meir inngripande enn dei fleste grunnlovsendringar, men vart gjort meir lettvint og utan at forholdet til demokratiets grunnprinsipp vart diskutert.
Det finst situasjonar der eit storting må binde det neste. Eit byggjeprosjekt kan ta ti eller femten år og gå over fleire stortingsperiodar. Oppstartingsvedtak vanskeleggjer ein retrett og forpliktar langt på veg til fullføring. Men innanfor ein demokrati-tankegang er det om å gjere å unngå slike situasjonar så langt råd er. Berre slik vil folket ved val og påverknad ha reell makt.
Med forsvarsforliket er det annleis. Sjølvsagt er det råd å endre under vegs, og også å leggje det vekk, men folkevalde etter vala i 2025, 2029 og 2033 møter ikkje med blanke kort. Forliket i vår vil bli oppfatta som nær ei forplikting for dei. Dei folkevalde eller dei partia som er usamde og målber det, vil bli sett på som at dei bryt med vedtekne retningsliner og er illojale. No er det sannsynleg at Stortinget i 2036 vil bruke vel 150 milliardar 2024-kroner på forsvaret mot 90 i fjor, at militær styrke vil vere eit hovudelement i norsk utanrikspolitikk og at Norge vil sjå seg meir enn no som Nato-medlem og underlagt Nato.
Skrive med andre ord: Forsvarsforliket tek handlerom frå komande borgarar og politikarar.
Haldningar kan endre seg, i vårt land og globalt. Det meste av etterkrigstida har vore ei tid med militær opprusting og konfliktar aust/vest. Men det har også vore periodar av anna slag. Dei første åra etter krigen var år med hovudvekt på nasjonal suverenitet for alle land, med oppbygging av FN og tilslutnad til menneskerettar. Tiåret etter Berlinmurens fall i 1989 var ein periode med global avspenning. Militærbudsjetta for verdas land gjekk ned frå vel 1900 til litt over 1200 milliardar 2022-dollar. Det kan også nemnast Norge var blant unntaka, som heldt oppe nivået på forsvarsbudsjetta. Når politikarar og kommentatorar no hevdar at forsvaret vart forsømt denne tida, er det desinformasjon. SIPRIs data viser at vårt land nytta avspenninga til å styrke seg militært i høve til dei fleste land.
Me og våre etterkommarar står overfor ei rekkje val, opprusting eller avspenning, blokktenking eller nasjonal suverenitet, dialog eller militær styrke som hovudmetode i globalpolitikk, pengar til militæret eller til miljø, akseptert massesvolt eller global mobilisering for mat til alle, vestleg maktdominans, austleg globalmakt eller likeverd mellom land, utjamning eller auka skilnader mellom land og innbyggjarar, for å nemne noko.
Skal dette bli reelle va, m innbyggjarane til kvar tid ha høve til å forme si tids styringsmåte. Det krev innsikt og meiningsbryting, og det krev at borgarar og valde så langt råd er stiller med blanke kort til dømes ved stortingsval. Då er det uklokt å gjere forsvarspolitikken til eit unntak.
Me bør altså tenkje oss ei framtid der ein del av innbyggjarane ønskjer ein annan forsvarspolitikk. Vil dei nå ut med sine argument? Vil partia gi rom for meiningsbryting og politikkendring? Vil forsking og media ta andre synsmåtar seriøst? Eller vil eliten møte alternative synsmåtar med at spørsmåla vart avgjorde av eit samrøystes storting våren 2024? Viss det sistnemnde skjer, blir forsvarsforliket eit tilbakesteg for demokratiet.